Me har eit hemmeleg brorskap, me gartnarar. Det er så hemmeleg at det er fyrste gongen ein av oss tek bladet fra gapet og fortel om oss. Eg kjem straks tilbake til årsaka.
Me i Lausgartnarlauget skravlar ein vrøvledialekt krydra med nynorsk. Me skravlar slikt for å gjenkjenne kven av oss som er ekte gartnarare, og på same tid medlemmar i Lausgartnarlauget, og kven som berre latar som om dei er gartnararar og pålissommedlemar i lauget.
Lausgartnarlauget stammar frå tida vi stakk av frå båla inkvisitatørane fyrte opp rundt omkring i Europa for eit tusentalls års siden i forsøket på å brenne vekk folk med litt for spanande kunnskapar. Sidan me gartnarararar kunne gjere kunststykka som å pode eplefruktar på rognetrær, og gule rosar sammen med dei røde, vart presteskapet heilt sikre på at vi leika gudar. Men vi gjorde jo ikkje det. Me var berre gartnararararar! For å unngå å ende som aske alle i hop, måtte vi difor gjøyma oss i klosterne rundt forbi. Der lot me som om vi var munkar, som vi altså ikkje var. Me var gartnararararararar i munkedrakt, ikkje heilt ulikt sauar i ulveskinn. Det var betre det enn å bli svidde av dei pyromane gærningane.
Vi mista mykje morosam kunnleik og diverre enda fleire morosomme gartnararararare den gongen heksebåla brann. Vi fann difor ut at slikt ikkje må få skje ein gong til. Difor starta me Lausgartnerlauget, og bestemte oss for å holde det hemmeleg for all og evig framtid. Men no har me altså bestemt oss for å stå fram og røpe heile lauget, for det har skjedd sakar og ting som krever fleire krefter enn det me grønnskollingar kan fikse her fra skjul. Bere høyr no:
Hagesenterane er ikkje hagesentere lenger. Dei selger alskens krimskram som verken har noko med hagar å gjere, eller noko med det gartnararararararararar bør drive med. Dessutan held dei opne på søndagar, og tvinger såleies gartnararararararararararar til å arbeide på fridagane sine også! Det må vi få ein brå slutt på, meinar vi i Lausgartnarlauget, og oppfordrar alle og ein kvar til å slutte å handla plantar på søndagar, men berre pølser med lompe med reikesalat og annet slikt ein får på kioskar og bensinstasjonar på søndagar. Berre ikkje plantar!